9. november 2017 kl. 19:00 - 20:00
Frå færing til tunell til drone.
Digitaliseringa endrar skulane. Det har dei siste åra skjedd store forandringar i skulekvardagen til elevane. Teknologien endrar også måten vi brukar kunnskap på. Korleis skal skulane førebu elevar på framtida, når krava til kva ein skal kunne endrar seg så raskt?
Valderøy barneskule er ein skule i endring. Alle på skulen har i dag kvar sin iPad. Har det endra måten elevane lærer på? Kva gjer elevane i klasseromma i dag?
Velkommen til ein spennande økt ved Valderøy barneskule kor elever vil vise fram praksisen sin.
Giske RK samlar klubbane på Nordre Sunnmøre til fellesmøte på Valderøy Barneskule. Rektor med elevar viser fram "Ein moderne barneskule med ny teknologi"