25. oktober 2018 kl. 20:00 - 21:00
Program: Korleis skal klubben utvikle seg framover? v/Terje- medlemsskapskomiteen.
Vi har ein utfordring på at gjennomsnittsalderen stig og vi har låg oppmøteprosent. Vi bør rekruttere nye medlemar som kan vere med å ta klubben vidare.
Kva er fordel med å vere medlem i Rotary? Kva kan vi tilby nye medlemar? Korleis skal vi rekruttere?
Målet med dagen er å kome opp med ei liste over aktuelle kandidatar vi kan prøve å rekruttere. Kom med forslag, så skal vi aktivt gjere ein innsats på å få inn nye og spennande folk som kan vere med å utvikle klubben vidare.