Stor stemning med bål i Sandvika

Etter stormen på fredag var det mange som sette pris på å kome seg ut i det flotte turvêret. Sjølv om det var temmeleg vindstilt inne i vika, bles det godt rundt Langeneset, like ved. På førehand var det litt spenning om det skulle gå an å tenne bål utan å røyklegge byggefeltet i Ågnegjerdet. Men vinden var heldigvis sydleg, så røyken dreiv ut over sjøen.
70-80 menneske i alle aldrar myldra rundt gapahuken og bålpanna og koste seg med kaffi og kjeks, eller grilla pølser på bålet. Praten gjekk lett rundt bordet i gapahuken, gode vennskap vart friska opp og nye vart etablerte. Ungane klatra i bakken og sklei på baken ned igjen med frydefulle rop, medan andre terga båra på sandstranda. Ordførar Kenneth Langvatn hadde bursdag på laurdag, og tok like godt med seg bursdagskaka ned i Sandvika, og dei frammøtte kvitterte med rungande bursdagssong og gratulasjonar.
Britt Valderhaug Tyrholm, president i Giske Rotaryklubb, var strålande fornøgd med arrangementet. Ho har stått i bresjen for naturmøteplassen i Sandvika samarbeid med Sunnmøre Friluftsråd og Ågnegjerdet velforening. Denne dagen hadde ho heldigvis kokt litt meir kaffi enn ho hadde tenkt, for frammøtet var større enn ho hadde våga å drøyme om. «Det er så utruleg kjekt å sjå kor folk kosar seg her,» smilte ho.
Jan Ove Skodje, som er styremedlem i Sunnmøre Friluftsråd, hadde rolla som kvissmeister og stilte med spørsmål til både barn og vaksne. Her var det mykje å bryne seg på, og diskusjonen gjekk høgt rundt borda.
Det er organisasjonen Norsk friluftsliv som står bak det landsdekkande arrangementet «Heile Noreg bålar». Sunnmøre Friluftsråd og DNT hadde mange arrangement på Sunnmøre, og takka vere Giske Rotaryklubb vart det også arrangement her i Giske.

Hildegunn, Ingunn, Inger Lise, Mona og Reidun er engasjerte kvissdeltakarar

Gode forhold for den som vil terge båra i dag

22. november 2025
20.11.2025 Besøk hos Nordnes-gruppa på Gjøsund
Nordnes-gruppa driv fleire fiskebåtar, mellom andre trålarane Nordstar og Nordbas, og er sterkt engasjert i utbygginga av Gjøsund hamn.
14. november 2025
Besøk hos Nordic Wildfish
Torsdag 13. november 2025 var vi på bedriftsbesøk hos Nordic Wildfish i dei nyrenoverte lokala i Nordstrandfjørå. Dagleg leiar Anders Bjørnerem ga ei engasjert og spennande innføring i dei utfordringane og moglegheitene fiskeflåten i Giske møter.
1. november 2025
Vellukka rekefest
Giske Rotaryklubb arrangerte ein flott fest for klubbane på nordre Sunmøre og andre inviterte gjester på Mjølner fredag 31. oktober
24. oktober 2025
Guvernørbesøk
Torsdag 23. oktober fekk klubben besøk av distriktsguvernør Morten Mo.. Det var "stinn brakke" i lokala til Vigra Aktivitets- og Frivilligsentral.
17. oktober 2025
Poliodagen 2025
Poliodagen vert markert 24. oktober, og i samband med dette var arbeidet for å utrydde polio tema for klubbmøtet 16. oktober
11. oktober 2025
Psykisk helse
Klubben markerte verdsdagen for psykisk helse på klubbmøtet 9. oktober 2025
2. oktober 2025
Sesongens siste naturmøteplass
Det var eit strålande fint haustvêr i dag då vi møttest på sesongens siste naturmøteplass. Mange glade vandrarar stakk innom og fekk kaffi og nystekte vaflar. Vi startar opp att til våren..
12. september 2025
Byvandring i Ålesund
Torsdag 11. september gjekk vi byvandring i Ålesund., guida av Linda rørvik.
12. september 2025
Naturmøteplass 10. september 2025
Stort oppmøte i gapahuken i det vakre og varme septembervêret
4. september 2025
Naturmøteplass 3. september 2025
Nok eit triveleg treff i naturmøteplassen i Sandvika på Roald i dag. Britt og Arnfinn var vertskap og takkar for godt og hyggeleg frammøte.