Stor stemning med bål i Sandvika

Etter stormen på fredag var det mange som sette pris på å kome seg ut i det flotte turvêret. Sjølv om det var temmeleg vindstilt inne i vika, bles det godt rundt Langeneset, like ved. På førehand var det litt spenning om det skulle gå an å tenne bål utan å røyklegge byggefeltet i Ågnegjerdet. Men vinden var heldigvis sydleg, så røyken dreiv ut over sjøen.
70-80 menneske i alle aldrar myldra rundt gapahuken og bålpanna og koste seg med kaffi og kjeks, eller grilla pølser på bålet. Praten gjekk lett rundt bordet i gapahuken, gode vennskap vart friska opp og nye vart etablerte. Ungane klatra i bakken og sklei på baken ned igjen med frydefulle rop, medan andre terga båra på sandstranda. Ordførar Kenneth Langvatn hadde bursdag på laurdag, og tok like godt med seg bursdagskaka ned i Sandvika, og dei frammøtte kvitterte med rungande bursdagssong og gratulasjonar.
Britt Valderhaug Tyrholm, president i Giske Rotaryklubb, var strålande fornøgd med arrangementet. Ho har stått i bresjen for naturmøteplassen i Sandvika samarbeid med Sunnmøre Friluftsråd og Ågnegjerdet velforening. Denne dagen hadde ho heldigvis kokt litt meir kaffi enn ho hadde tenkt, for frammøtet var større enn ho hadde våga å drøyme om. «Det er så utruleg kjekt å sjå kor folk kosar seg her,» smilte ho.
Jan Ove Skodje, som er styremedlem i Sunnmøre Friluftsråd, hadde rolla som kvissmeister og stilte med spørsmål til både barn og vaksne. Her var det mykje å bryne seg på, og diskusjonen gjekk høgt rundt borda.
Det er organisasjonen Norsk friluftsliv som står bak det landsdekkande arrangementet «Heile Noreg bålar». Sunnmøre Friluftsråd og DNT hadde mange arrangement på Sunnmøre, og takka vere Giske Rotaryklubb vart det også arrangement her i Giske.

Hildegunn, Ingunn, Inger Lise, Mona og Reidun er engasjerte kvissdeltakarar

Gode forhold for den som vil terge båra i dag

20. juni 2019
Presidentskifte i klubben
På klubbmøtet den 20. juni overrakte klubbens president, Anette Uggedal, presidentkjedet til Terje Austnes som overtar presidentrollen og ledelsen av klubben fra og med 1. juli.
13. juni 2019
Guidet bytur
Torsdag 13. juni var Giske Rotary på tur i Ålesund. Klubbens egne guider, Kjetil Molnes og Sverre Ola Roald, sørget for at vi fikk en interessant og lærerik runde i bysentrum.
6. juni 2019
Herlig rekeaften
På kveldens klubbmøte var rekene og loffen i sentrum – i tillegg til alle de fine folkene rundt bordet.
24. mai 2019
En reise i andre kulturer
Vår kjære klubbsekretær, Ludvig Kåre, har hatt en spennende yrkeskarriere. På klubbmøtet den 23. mai delte han mange gode historier med oss fra den tiden han jobbet som serviceingeniør og reiste verden rundt.