På sjølve frigjeringsdagen stilte Giske Rotaryklubb opp saman med Plastfritt Hav for å rydde den idylliske Sandvika på Roald. Giske Rotaryklubb har "adoptert" Langeneset og Sandvika og tek ansvaret for å halde området ryddig og reint for plastforsøpling.
Ryddeaksjonen vart avslutta med kaffi og vafler, og ei lita markering av frigjerings- og veterandagen.
13. mai startar vi opp igjen med "Naturmøteplass" i gapahuken i Sandvika. Kvar tysdag frå klokka 12 til 13.30 står vertar frå Giske Rotaryklubb klar med med kaffi og vafler eller anna å bite i.
Vel møtt!
13. mai 2025
Saman med entusiastiske og gode hjelparar gjennomførte Giske Rotaryklubb ein diger dugnadsinnsats ved Vigra omsorgssenter laurdag 10. mai.
12. mai 2025
8. mai starta Giske Rotaryklubb strandrydding i Sandvika på Roald.
12. mai 2025
24. april inviterte Giske Rotary til ope møte om psykisk helse og beredskap. Bakgrunnen var tilrådinga frå styresmakktene om den enkelte sitt ansvar for eigenberedskap og korleis dette verkar inn på oss.
21. januar 2025
Stemninga var høg då Rotary i samarbeid med Sunnmøre Friluftsråd inviterte til bålbrenning ved gapahuken i Sandvika. Arrangementet var del av ei landsomfattande markering av starten på friluftsåret 2025, og samla mange glade turfolk.
17. januar 2025
Rolf Stenehjem er vårt nyaste medlem. Han arbeider på spolebasen til Subsea 7 på Vigra, og pendlar frå heimstaden sin i Hafslo i Sogndal kvar veke
15. januar 2025
Laurdag 18. januar markerer vi starten på Friluftslivets år med at heile Norge samlast rundt eit bål. I samarbeid med Friluftsrådet tenner Giske Rotary bål i gapahuken i Sandvika på Roald, 18. januar klokka 13-15
31. oktober 2024
På medlemsmøtet 31. oktober 2024 orienterte Geir Sund, leiar av Sunnmøre parkinsonforening, om sjukdommen og om arbeidet i foreninga.
10. august 2024
Den 20. august blir det starta ny Naturmøteplass ved Sandvika på Roald/Vigra. Dette blir ein møteplass for alle som likar å gå tur og som set pris på møte med andre i friluft.
12. september 2023
Den 21. september kl. 19 kommer vår nye kommunedirektør, Karl Andre Birkhol, og redaktør i Øyblikk, Andreas Hesselberg, på besøk til oss på Mjølner samfunnshus. Alle som vil høre hva de har å fortelle, er hjertelig velkomne!
7. september 2023
Giske Rotaryklubb med president Brit i spissen, hadde i dag et hyggelig besøk av Anders Anderson, som er årets distriksguvernør. Han er medlem i Eda-Eidskog Rotaryklubb, som geografisk ligger både i Norge og Sverige, og Anders er svensk.