Vigra aktivitets- og frivilligsentral
Klubbkveld hos Vigra Aktivitets- og Frivillighetssentral (VAF)
Dato: Torsdag 21. august 2025 Stad: Roald, Vigra Vertskap: Jarle Molnes og Atle Varhaugvik
Giske Rotaryklubb hadde gleda av å besøkje Vigra Aktivitets- og Frivillighetssentral (VAF) i dei nye lokala på Roald. Vi vart møtte med varme smil, kaffi og småkaker, og president Arnfinn ønskte velkomen til møtet.

Historia bak VAF
Jarle Molnes delte historia om korleis nokre engasjerte vaksne fekk ideen til å starte VAF. Med eit styre på fire personar og hjelp frå frivillige, har dei lagt ned eit imponerande arbeid med å forvandle eit slitent lagerrom til eit lyst og triveleg møtelokale. Jonny Furnes, eitt av styremedlemmene, eig bygget og har gitt VAF tilgang til lokala.
Samarbeid og visjon
VAF er ein privat og sjølvstendig organisasjon, men har eit tett samarbeid med Giske Frivilligsentral. Målet er å skape ein inkluderande møteplass for alle – uavhengig av helse, religion, etnisitet, kjønn eller legning. VAF ønskjer å bidra til ein betre kvardag for både barn, ungdom, vaksne og eldre.
Planar framover
Molnes fortalde om mange spennande planar, mellom anna:
Ungdomsaktivitetar
Temakveldar
Kurs med maritimt fokus
Finansieringa skjer gjennom donasjonar, medlemskontingent og søknader om støtte frå ulike aktørar i Noreg.
Ei takk frå klubben
President Arnfinn avslutta med å takke for eit inspirerande møte og overrekte kvar si gåvepose med ultralokalt brent kaffi frå Vigra Kaffebrenneri til Molnes og Varhaugvik som ei lita takk for gjestfridomen.
Tusen takk til VAF for ein lærerik og hyggeleg klubbkveld!

Frå venstre: Atle Varhaugvik, Arnfinn Vartdal og Jarle Molnes
7. mars 2019
Torskemiddag sammen med en gjeng gode venner
Den 7. mars slo vi til og bestilte torsk til middag for medlemmene i Giske Rotaryklubb. Og PSS leverte – igjen! Maken til god mat skal du lete lenge etter.