Guvernørbesøk
Torsdag 23. oktober hadde Giske Rotaryklubb besøk av distriktsguvernør Morten Mo og assisterande guvernør Kristin Wangensteen. Først hadde styret ein samtale omkring arbeidet i klubben med guvernøren.
På eit svært godt besøkt medlemsmøte heldt Morten Mo eit interessant og inspirerande foredrag om kva Rotary står for og kva Rotary gjer - og litt om kva Rotary ikkje er.
Rotary legg vekt på kameratskap og å gjere ein innsats for dei som treng det. Rotary engasjerer seg også i konfliktområde, men tek ikkje stilling til den eine eller andre sida i konflikten. Rotary er alltid på lag med dei som treng vår hjelp og støtte.
Rotary er ikkje ein politisk organisasjon, sjølv om svært mange av våre medlemmer er politisk engasjerte menneske på ulike område og med ulikt syn. Rotary sin visjon er "Unite for good" - som kan forståast på to ulike måtar.
Vil du også vere med i ein klubb som arbeider lokalt, fremjar kameratskap og som også har internasjonal tilknytning og internasjonale mål?
Ta kontakt med oss for å sjå om Rotary er noko for deg.



31. januar 2019
Utfordrende overgang
Det var spennende å høre kommunikasjonssjef i TAFJORD, Kari Løken, fortelle om arbeidet som er lagt ned i konsernet for å legge til rette for overgangen fra Altibox til Get. Mange kommunikasjonsutfordringer i forbindelse med dette prosjektet, forstår vi.