Vellukka rekefest

Ver no velkomne med æra!

Fredag 31. oktober inviterte Giske Rotaryklubb til rekefest. Rotarymedlemmar frå klubbane på Nordre Sunnmøre, med følgje og vener, var inviterte. Til saman møtte 50 personar frå nesten alle klubbane på Nordre Sunnmøre opp til eit vakkert pynta festlokale.

Det vart ein riktig triveleg kveld med mykje song og musikk. Særleg Johannes Vik, barnebarnet til presidenten, imponerte stort med si fantastiske framføring på altsaksofon. Dei nydelege tonane vart møtte med høglydte ovasjonar og ståande applaus.

Allsongen vart akkompagnert av presidenten på gitar.

Etter god mat og drikke vart det variert underhaldning med visesong, forteljingar, kahoot (quiz) og lotteri. Harald Gjørtz framførte nokre fine viser akkompagnert av Arnfinn på gitar.

Som vanleg var det Ludvig som stod for quizen, som denne gongen vart presentert som ein kahoot, til stort engasjement blant dei frammøtte.

Vi fekk servert kaffi og gode kaker, og assisterande guvernør Kristin Wangensteen takka for maten.

Ein stor takk går til alle gjestene og til dei som stod på for å få alt i stand – det vart ein fantastisk fin festkveld!

Borda er ferdig pynta, vi ventar på festdeltakarane

em>Festdeltakarane er på plass, og praten går allereie livleg

Presidenten var konferanser

Unge Johannes Vik imponerte alle med sitt flotte saxofonspel. 

Harald Gjørtz framførte eit knippe viser av Evert Taube, Hartvig Kiran, Tove Janson og Ola Bremnes. Arnfinn akkompagnerte på gitar.

God stemning rundt borda

Nydelege kaker

Allsong rundt festpynta bord

Sigerspallen for quizen

Assisterande guvernør Kristin Wangensteen takka for maten

Svein Kobbenes har mange gode historier på lager, og delte eit par av dei med oss.



 
Nye lokaler men samme fokus

21. februar 2019

Nye lokaler men samme fokus

Onsdag 20. februar var medlemmene i Ålesund Øst og Giske Rotaryklubb inviterte til det nye NAV-kontoret i Ålesund. Vi forstår godt at de både er stolte og glade for sine nye lokaler.

Spennende fjøsbesøk

15. februar 2019

Spennende fjøsbesøk

Den 14. februar besøkte vi den nye fjøsen til Rørvik Samdrift som driver oppdrett av den franske, eksklusive rasen Limousin. Imponerende var det!