Merittert undervisar Sven Inge Molnes på besøk

Torsdag 22. januar hadde vi besøk av Sven Inge Molnes. Han er dosent hos NTNU og underviser hovudsakleg ved sjukepleieutdanninga i Ålesund, men føreles også ved andre avdelingar av NTNU. I haust fekk han status som merittert undervisar hos NTNU. Dette er ei utmerking som blir tildelt vitskapeleg tilsette som har utmerka seg med å ha fokus på studentane si læring og utvikling av undervisningspraksis.
Som dosent arbeider han òg med forsking, og har publisert ei rekkje vitskaplege artiklar.
Simulering har vore mykje brukt innan maritime fag, og Sven Inge har arbeidd med å ta i bruk simulering også innan sjukepleieutdanninga. Dette har gjort han til ein ressursperson innanfor langt utanfor sjukepleieutdanninga i Ålesund, og han leier no eit prosjekt som skal tilrettelegge for meir bruk av simulering.
Tusen takk for eit svært interessant foredrag!

President Arnfinn Vartdal takkar for eit interessant foredrag

 
Merittert undervisar Sven Inge Molnes på besøk

26. januar 2026

Merittert undervisar Sven Inge Molnes på besøk

Dosent Sven Inge Molnes ved sjukepleieutdanninga i Ålesund.er tildelt utmerkinga som merittert undervisar. Torsdag 22. januar besøkte han klubben i våre lokale hos VAF - Vigra Aktivitets og Frivilligsenter. Foto: Børge Sandnes, NTNU

Juleavslutning i "Grotten"

12. desember 2025

Juleavslutning i "Grotten"

Torsdag 11. desember 2025 var vi for tredje år på rad samla i Leiren hos Britt og Per Otto til julegløgg og til julesong i "grotten" - den gamle tyskerbunkeren i hagen deira.

20.11.2025 Besøk hos Nordnes-gruppa på Gjøsund

22. november 2025

20.11.2025 Besøk hos Nordnes-gruppa på Gjøsund

Nordnes-gruppa driv fleire fiskebåtar, mellom andre trålarane Nordstar og Nordbas, og er sterkt engasjert i utbygginga av Gjøsund hamn.

Besøk hos Nordic Wildfish

14. november 2025

Besøk hos Nordic Wildfish

Torsdag 13. november 2025 var vi på bedriftsbesøk hos Nordic Wildfish i dei nyrenoverte lokala i Nordstrandfjørå. Dagleg leiar Anders Bjørnerem ga ei engasjert og spennande innføring i dei utfordringane og moglegheitene fiskeflåten i Giske møter.

Vellukka rekefest

1. november 2025

Vellukka rekefest

Giske Rotaryklubb arrangerte ein flott fest for klubbane på nordre Sunmøre og andre inviterte gjester på Mjølner fredag 31. oktober

Guvernørbesøk

24. oktober 2025

Guvernørbesøk

Torsdag 23. oktober fekk klubben besøk av distriktsguvernør Morten Mo.. Det var "stinn brakke" i lokala til Vigra Aktivitets- og Frivilligsentral.

Poliodagen 2025

17. oktober 2025

Poliodagen 2025

Poliodagen vert markert 24. oktober, og i samband med dette var arbeidet for å utrydde polio tema for klubbmøtet 16. oktober

Psykisk helse

11. oktober 2025

Psykisk helse

Klubben markerte verdsdagen for psykisk helse på klubbmøtet 9. oktober 2025

Sesongens siste naturmøteplass

2. oktober 2025

Sesongens siste naturmøteplass

Det var eit strålande fint haustvêr i dag då vi møttest på sesongens siste naturmøteplass. Mange glade vandrarar stakk innom og fekk kaffi og nystekte vaflar. Vi startar opp att til våren..

Byvandring i Ålesund

12. september 2025

Byvandring i Ålesund

Torsdag 11. september gjekk vi byvandring i Ålesund., guida av Linda rørvik.