Bedriftsbesøk til Grøde Hagedesign
Torsdag 29. januar var vi på besøk til Grøde hagedesign i Skaret på Valderøya. Innehavar Susann Misund Larsen inviterte oss inn i den blomstrande butikken sin, der ho og butikksjef Ragnhild Johansen hadde førebudd presentasjon av bedrifta. Susann Misund Larsen er blomsterdekoratør og har tatt vidareutdanning i hagedesign. Bedrifta tek på seg små og store oppdrag med å designe hagar. "Når eg skal starte ein ny hage, må eg finne 'the sweet spot' - den lunaste og finaste plassen", seier ho.
Gjennom presentasjonen tok ho oss med til ulike hagar ho har arbeidd med, og vi fekk informasjon om plantar som eignar seg hos oss. Ho var særleg stolt av dei økologiske produkta sine. Eit produkt ho også var svært fornøgd med, var Revira, som kan hjelpe til med å halde rådyr borte frå hagen.
I lokalet i Skaret er det "mini-hagesenter". Der har ho i tillegg til blomster og frø også krukker og annan italiensk keramikk av høg kvalitet. Desse har faktisk Grøde norsk einerett på. Kjem du utanfor opningstida, kan du handle i "Vipps-butikken" - du vinn varene utstilt ute, plukkar ut det du vil ha, og betaler med Vipps. Ho har enno ikkje hatt svinn!
Framover vil Grøde opne både agentur og nettbutikk. Vi følgjer spent med på utviklinga, og ønskjer lukke til vidare.
Tusen takk for eit hyggeleg bedriftsbesøk!
21. februar 2019
Nye lokaler men samme fokus
Onsdag 20. februar var medlemmene i Ålesund Øst og Giske Rotaryklubb inviterte til det nye NAV-kontoret i Ålesund. Vi forstår godt at de både er stolte og glade for sine nye lokaler.
15. februar 2019
Spennende fjøsbesøk
Den 14. februar besøkte vi den nye fjøsen til Rørvik Samdrift som driver oppdrett av den franske, eksklusive rasen Limousin. Imponerende var det!