Torsdag 5. februar fekk vi besøke Giske ungdomsskule for å høyre med rektor Gry Støbakk Ytterland korleis det er å vere rektor her. Ho snakka engasjert om kor viktig det er å ha eleven i sentrum. Dersom du ikkje kjenner at du brenn for jobben din som rektor, skal du kanskje ha ein annan jobb, sa ho.
Giske ungdomsskule er no den einaste ungdomsskulen i kommunen, og her blir ungdomane frå alle øyane kjende med kvarandre. Det kan nok av og til bli litt hurlumhei når over 300 ungdomar i alderen 13-16 år skal gå i lag i tre år, men Gry var opptatt av å fortelje om at det store fleirtal av elevane trivst og har det bra. Det er sunt at dei får gjere seg kjende med andre, og dei fleste er klar til det og gler seg til det.
Dei siste åra har skulen hatt svært lavt sjukefråvær blant dei tilsette,, noko som tyder på god trivsel I avisene les vi om høgt ufrivillig fråvær blant elevar rundt om i landet, men det er få elevar her som ikkje kjem seg på skulen i det heile tatt. Dette skuldast kanskje det viktige arbeidet laget rundt eleven gjer - enten det er foreldra eller skulen.
Av og til kan elevar få så store problem at dei anten ikkje kjem seg på skulen eller har andre problem som gjer det vanskeleg for dei sjølve, familien eller skulen. Då er det viktig å styrke laget rundt eleven. Då har kommunen eit tverrfagleg team der alle aktuelle fagpersonan samarbeider med skulen og foreldra om å hjelpe eleven til å lukkast.
Takk for eit inspirerande og tankevekkande møte!