Politikontakt Daniel Ludvigsen på besøk

Torsdag 19. februar hadde vi besøk av politiførstebetjent Daniel Ludvigsen, politikontakt for Giske kommune. Han har vore Giske sin kontaktperson i politiet sidan 2019, og driv med kriminalitetsførebyggande arbeid. Han har tett kontakt med kommunen, og er svært glad for at Giske kommune har fått på plass ein SLT-koordingator (Samordning av Lokale rus- og kriminalitetsfførebyggande Tiltak).  

Daniel kjenner kommunen vår godt. Han er stadig innom, enten i møte, i arbeid rundt utsett ungdom eller i prosjekt saman med til dømes SLT-koordinatoren, eller han svingar innom når han er ute og køyrer politibil.

Hovudbodskapen til oss var at dei aller flest barn og unge er lovlydige, og Giske kommune er ein trygg kommune å bu i. Likevel ser vi same tendensen her som i andre deler av fylket og landet for øvrig. Nasjonalt er det stor auke i lovbrot utført av barn i alderen 10-14 år. Dette utfordrar samfunnet og har negative konsekvensar for dei unge. Det er også ein auke i kor alvorlege lovbrota er – vi ser no meir vald, ran og trugsmål.

Han framheva kor viktig det førebyggande arbeidet er. Vi må skape aktivitet og trygge arenaer for ungdomen, og vi må vise omsorg og vere gode rollemodellar og trygge vaksne som er til stades. Skaff ungdom jobb, og sørg for at dei får gode mentorar. Dette var ei klar utfordring frå politikontakten til Rotary og det lokale næringslivet.

Daniel fekk spørsmål om korleis rusmiljøet i kommunen er. Svaret var at vi har rus her som alle andre stader, men det er ikkje noko som tilseier at det er verre eller betre her hos oss. Narkotikalovbrot blir registrert litt annleis no enn tidlegare – det er ikkje slik at rusavhengige skal straffast for å vere rusavhengige, no ønskjer ein å gå etter bakmenn og ulovleg sal av rusmiddel, og ikkje minst arbeide førebyggande for å unngå at mange hamnar i rusmiljøet.

Avslutningsvis minte han om behovet for totalberedskap. Vi må alle vere budde på ein krisesituasjon der vi til dømes manglar straum og vatn over tid. Og ikkje minst må vi vere merksam på at vi står overfor ein heilt annan trusselsituasjon no enn tidlegare.

Leiar Arnfinn Vartdal takka for besøket med kaffi frå Roald kaffebrenneri


 
Politikontakt Daniel Ludvigsen på besøk

20. februar 2026

Politikontakt Daniel Ludvigsen på besøk

Torsdag 19. februar hadde vi besøk av politiførstebetjent Daniel Ludvigsen, politikontakt for Giske kommune. Han har vore Giske sin kontaktperson i politiet sidan 2019, og driv med kriminalitetsførebyggande arbeid.

Besøk på Giske ungdomsskule

6. februar 2026

Besøk på Giske ungdomsskule

Torsdag 5. februar var vi på besøk hos rektor Gry Støbakk Ytterland på Giske ungdomsskule for å få litt meir greie på korleis det er å vere rektor.

Bedriftsbesøk til Grøde Hagedesign

30. januar 2026

Bedriftsbesøk til Grøde Hagedesign

Torsdag 29. januar 2026 var vi på besøk hos Grøde Hagedesign på Valderøya.

Merittert undervisar Sven Inge Molnes på besøk

26. januar 2026

Merittert undervisar Sven Inge Molnes på besøk

Dosent Sven Inge Molnes ved sjukepleieutdanninga i Ålesund.er tildelt utmerkinga som merittert undervisar. Torsdag 22. januar besøkte han klubben i våre lokale hos VAF - Vigra Aktivitets og Frivilligsenter. Foto: Børge Sandnes, NTNU

Juleavslutning i "Grotten"

12. desember 2025

Juleavslutning i "Grotten"

Torsdag 11. desember 2025 var vi for tredje år på rad samla i Leiren hos Britt og Per Otto til julegløgg og til julesong i "grotten" - den gamle tyskerbunkeren i hagen deira.

20.11.2025 Besøk hos Nordnes-gruppa på Gjøsund

22. november 2025

20.11.2025 Besøk hos Nordnes-gruppa på Gjøsund

Nordnes-gruppa driv fleire fiskebåtar, mellom andre trålarane Nordstar og Nordbas, og er sterkt engasjert i utbygginga av Gjøsund hamn.

Besøk hos Nordic Wildfish

14. november 2025

Besøk hos Nordic Wildfish

Torsdag 13. november 2025 var vi på bedriftsbesøk hos Nordic Wildfish i dei nyrenoverte lokala i Nordstrandfjørå. Dagleg leiar Anders Bjørnerem ga ei engasjert og spennande innføring i dei utfordringane og moglegheitene fiskeflåten i Giske møter.

Vellukka rekefest

1. november 2025

Vellukka rekefest

Giske Rotaryklubb arrangerte ein flott fest for klubbane på nordre Sunmøre og andre inviterte gjester på Mjølner fredag 31. oktober

Guvernørbesøk

24. oktober 2025

Guvernørbesøk

Torsdag 23. oktober fekk klubben besøk av distriktsguvernør Morten Mo.. Det var "stinn brakke" i lokala til Vigra Aktivitets- og Frivilligsentral.

Poliodagen 2025

17. oktober 2025

Poliodagen 2025

Poliodagen vert markert 24. oktober, og i samband med dette var arbeidet for å utrydde polio tema for klubbmøtet 16. oktober