NAV Giske og statusen for Giske kommune

23. april hadde vi besøk av Tone Mette Lorgen Johnsen, leiar av NAV Giske. Ho har vore tilsett ved trygdekontoret i Giske, og seinare NAV Giske i over 30 år.
Ho la fram eit oversyn over statusen i Giske kommune, sett frå NAV si side, og kunne fortelje at sjukefråværet i Giske er høgt sett i forhold til resten av landet. Kvifor det er slik, veit ein ikkje. Ho fortalde óg om korleis NAV arbeider for å motverke utanforskap på ulike nivå - frå barn som veks opp i familier med svak økonomi, unge som fell frå i skulen og ikkje kjem seg i jobb, om arbeidet med å integrere flyktningar på ein god måte.
NAV Giske har nettopp signert avtale med Vigra Aktivitets- og Frivilligsentral om eit opplegg for nokre ungdommar, og Tone Mette hadde store forhåpningar til dette. NAV har i mange år samarbeidd med Giske Frivilligsentral om liknande tiltak.
Ei av dei store utfordringane for Giske kommune og resten av landet, er at ein stadig større del av innbyggjarane er over pensjonsalder. I dag er det 3,1 yrkesaktive per person over 67 år. I følgje prognosen vil det i 2050 berre vere 1,4 yrkesaktive per person over 67 år. Denne såkalla "eldrebølgja" er ei utfordring, men vi ser at eldre no er sprekare enn tidlegare, så vi kan vel rekne med at pensjonsalderen vil auke.
Vi takkar for eit svært interessant foredrag!






 
En reise i andre kulturer

24. mai 2019

En reise i andre kulturer

Vår kjære klubbsekretær, Ludvig Kåre, har hatt en spennende yrkeskarriere. På klubbmøtet den 23. mai delte han mange gode historier med oss fra den tiden han jobbet som serviceingeniør og reiste verden rundt.