Møt ein innvandrar. Møt ein nordmann.



Giske Rotary har dette året hatt på programmet at vi hadde lyst til å få til eit møte med innvandrar/ flyktningar som bur i Giske kommune. 9. mai vart dagen.

Giske Rotaryklubb har sine møter på Valderøy barneskule kvar torsdag, men denne torsdagen vart møtet lagt til Giske Folkebibliotek. Biblioteksjef Hilde kunne fortelje at eit slikt møte hadde ho også drøymt om lenge, og Giske folkebibliotek var ein fin møteplass. Vi hadde presentasjonsrunde der alle fortalde kvar dei kom ifrå og om familie, yrker og interesser. 

Vi som er nordmenn og bur i Giske vil gjerne at dei som blir busette i Giske som har måtta forlate heimlandet på grunn av krig og ufred skal kjenne at dei er velkomne og finn seg til rette her. For å trivast i eit nytt land må ein lære og forstå  mest mogleg om det nye landet og dette er det oss innbyggarane som kan bidra med.

Språket er den store barrieren for oss alle, og sidan vi no er i Norge må vårt felles språk bli norsk. Innvandrarane må få anledning til å snakke og øve på norsk ilag med oss nordmenn. Praten gjekk livleg denne kvelden og det er utruleg kor godt vi klarer å forstå kvarandre når vi vil. Prate norsk og møte nordmenn er veldig viktig for dei som blir busette her i Giske På same måte er det lærerikt for oss nordmenn å lære andre kulturar å kjenne. 

Giske Rotaryklubb lykkast med dette møtet, og alle gjekk glade derifrå. Det var eit godt  møte. Det var fint å lære nye menneske å kjenne. Telefonnummer vart utveksla. Håper dette kan vere ein start til meir kontakt og større forståing mellom oss. 



 
Fantastiske naturopplevelser

15. mars 2019

Fantastiske naturopplevelser

Torsdag 14. mars hadde vi spennende besøk av Øystein Pilskog fra Kajakkguiden. Det var nesten så vi hadde lyst til å bli med på kurs med det samme og lære oss denne fantastiske sporten. For noen flotte naturopplevelser dette kan by på!