20 gode grunnar til å vere med i Rotary
1. Venskap
I ei stadig meir utfordrande verd bidreg Rotary til å oppfylle eitt av dei mest grunnleggjande behova våre – venskap og fellesskap. Det er ein av dei to grunnane til at Rotary vart stifta i 1905.
2. Forretningsinteresser
Den andre opphavlege grunnen til starten av Rotary var forretningsutvikling. Alle treng eit nettverk, og Rotary består av eit gjennomsnitt av verksemdene i området. Medlemmene kjem frå ulike ståstader. Rotarianarar hjelper kvarandre, og saman hjelper dei andre.
3. Personleg utvikling
Medlemskap i Rotary bidreg til vidare utvikling av personlege eigenskapar gjennom samarbeid med andre og å auke kunnskap om andre menneske og yrke.
4. Leiarutvikling
Rotary er ein organisasjon for leiarar. Innsats for Rotary er som ein skule i leiing. Lær å motivere, øv påverknad og ver ein leiar.
5. Medborgarskap og samfunn
Medlemskap i Rotary gjer deg til ein betre medborgar. Den gjennomsnittlege Rotary-klubben består av nokre av dei mest aktive borgarane i kvar kommune.
6. Eigenutvikling
Kvar veke forsøker Rotary å gje informasjon om kva som skjer – lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Kvart møte gir høve til å høyre interessante foredrag frå ulike innleiarar med stor spreiing av emne.
7. Moro
Engasjement i Rotary er kjekt. Møte, treffe vener, jobbe med prosjekt, sosiale treff – engasjer deg og ver med!
8. Taleteknikk
Mange som har blitt medlem av Rotary var redde for å snakke i forsamlingar. Rotary tilbyr tryggleik og treningsmoglegheiter i kommunikasjon, og høve til sjølv å praktisere og utvikle taleteknikken blant vener.
9. Nettverk
Alle Rotarianarar ber medlemsnåla si med «Rotary International». Det er få stader i verda det ikkje finst ein klubb, og alle er hjarteleg velkomne – ja, til og med oppfordra – til å møte i dei meir enn 30.000 klubbane i 162 land.
10. Hjelp når du reiser
Rotary-klubbar finst overalt, og mange Rotarianarar har fått hjelp når dei på ukjende stader treng råd og hjelp, kontakt med lege eller tannlege, eller på annan måte ønskjer lokal bistand eller kontakt.
11. Arrangement
Klubbar og distrikt har ofte arrangement som gir eit avbrekk frå arbeid og dagleg rutine. Konferansar, møte og kurs gir nye vener og moglegheiter.
12. Utvikling av sosiale ferdigheiter
Rotary er for folk som likar menneske. Kvar veke utviklar du deg som person – sosialt og medmenneskeleg.
13. Tilbod til familien
Rotary tilbyr eitt av verdas største utvekslingsprogram, stipend og eigne klubbar for ungdom og framtidige Rotarianarar (Rotaract/Interact).
14. Yrkesmoglegheiter
Det er forventa at alle Rotarianarar deltek i utviklinga av jobben og yrket sitt. Delta i prosjektarbeid med sikte på å informere og lære ungdom om ditt yrke. Rotary kan hjelpe deg til å bli ein betre yrkesutøvar – uansett yrke – gjennom samarbeid og nettverk.
15. Etisk utvikling
Rotary praktiserer ein fire-spørsmålsprøve som styrer den etiske standarden vår. Rotarianarar er forventa å ha høg etisk standard både i arbeid og privatliv.
16. Kulturell forståing
I Rotary finst nesten alle religionar, land, kulturar, hudfargar, rasar, trusretningar, politiske overtydingar, språk og etnisk tilhøyrsle. Rotary er eit gjennomsnitt av leiarar med ulik bakgrunn, som gjennom samarbeid lærer å elske og respektere menneske overalt, uansett bakgrunn. På denne måten bidreg dei til å betre verdsforståinga.
17. Omdømme
Rotarianarar er framståande leiarar innan næringsliv, offentleg verksemd, kunst, kultur, militære, religiøse og andre grupperingar. Rotary er den eldste og mest prestisjefylte tenesteklubben i verda. Blant medlemmene finst leiarar på fleire nivå som er med på å forme verdas politiske utvikling.
18. Hyggelege menneske
Framfor alt er Rotarianarar hyggelege folk – dei hyggelegaste i verda! Dei er framståande menneske som meiner det er viktig å vere leiarar, og viktig å vere hyggeleg – og ta «Service above Self» på alvor.
19. Ingen hemmelegheiter
Rotary har ingen hemmelege ritual, reglar, trusretningar eller handtrykk. Det er eit ope samfunn for kvinner og menn som enkelt og greitt trur på at det å hjelpe andre gir ei betre verd.
20. Moglegheit til å gjere noko
Rotary er ei teneste- og yrkesorganisasjon. Forretningsidéen er å vere medmenneske, og «produktet» er å tene andre. Rotarianarar tilbyr tenestene sine både lokalt og internasjonalt, både gjennom arbeid og økonomisk støtte. Dette er kanskje den beste grunnen til å bli Rotarianar: Å få moglegheita til å gjere noko for andre – og utvikle seg sjølv gjennom prosessen. Det gir rikeleg belønning og eiga utvikling.