Giske Rotaryklubb og Sunnmøre ønskjer alle velkomne til gapahuken i Sandvika på Roald.
Dette blir ein møteplass for alle som likar å gå tur og som set pris på møte med andre i friluft.
Det er Sunnmøre friluftsråd som står bak Naturmøteplassen, som vil ha frivillege vertar frå Giske Rotaryklubb til gjennomføringa. Møteplassen blir i den flotte gapahuken som er reist av Ågnegjerdet Vel ved sandstranda på Roald. Friluftsrådet har fleire Naturmøteplassar i kommunane rundt om på Sunnmøre, og Sandvika blir den 10. i rekka.
– Dette er svært populære møteplassar i friluft, for folk i alle aldrar. Mange kjem igjen gong etter gong, og det er svært gode tilbakemeldingar frå både vertar og dei som kjem innom på besøk, seier Hilde Ellingsæter, prosjektansvarleg hos Sunnmøre friluftsråd.
– Vi håpar dette blir eit populært tilbod også på Vigra. Kombinasjonen av å komme seg ut i friluft og samstundes møte andre menneske og vere sosial er verdifullt. Dette er for alle som har lyst til å kome og vi gler oss til å komme i gang, seier Britt Valderhaug Tyrholm, president i Giske Rotaryklubb.
Naturmøteplassen er eit lågterskel og uforpliktande tilbod til alle som har høve til å gå tur på dagtid, og som set pris hyggelege møte med andre. Etter å ha gått eit lite stykke kjem ein fram til ein gapahuk der bålet brenn på eit fast tidsrom ein bestemt dag i veka. I gapahuken blir ein teke imot av blide og inkluderande vertar som spanderer varm drikke, og slår av ein prat.
Tilbodet er til personar i alle aldrar som er ledig på dagtid. Det kan vere permitterte, arbeidsledige, pensjonistar, barnehagar, skuleklasser, folk som tek lunsjen sin ute, folk med foreldrepermisjon og anna.
– Naturmøteplassane er eit godt folkehelsetiltak der folk både kjem seg ut på tur i friluft heile året og samtidig har det sosialt og kjekt saman med andre. At så mange kjem kvar gong, betyr at dei i alle fall kjem seg over dørstokkmila ein dag i veka. Og sidan dei må gå eit stykke for å kome fram, er det grunn til å tru at forma blir betre også, seier Hilde Ellingsæter.
Friluftsrådet dekker utgifter til ved, kaffi, utstyr med meir slik at dette ikkje kostar noko for kommunane eller dei som er vertar. Dette er gjennom midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Miljødirektoratet.
På Naturmøteplassane er det frivillege enkeltpersonar, samt lag og organisasjonar som byter på å vere vertskap. I Sandvika på Roald er det no 12 frivillege eldsjeler frå Giske Rotaryklubb som har meldt seg og skal dele på å vere vertskap.
– Det er kjekt å sjå kor positive folk er til dette tiltaket og det var ingen problem å skaffe vertar, seier Britt Valderhaug Tyrholm.
31. mai 2025
22. mai hadde vi besøk av Oline Nordstrand og Lars Erik Ramstad frå Sparebanken Møre si avdeling på Valderøya.
31. mai 2025
15. mai besøkte Stein Lauritsen Giske Rotaryklubb og presenterte si fotobok "Skogsturer uten klokke"
31. mai 2025
Tysdag 13. mai starta Sunnmøre Friluftsråd sesongen med Naturmøteplass i gapahuken i Sandvika på Roald
13. mai 2025
Saman med entusiastiske og gode hjelparar gjennomførte Giske Rotaryklubb ein diger dugnadsinnsats ved Vigra omsorgssenter laurdag 10. mai.
12. mai 2025
8. mai starta Giske Rotaryklubb strandrydding i Sandvika på Roald.
12. mai 2025
24. april inviterte Giske Rotary til ope møte om psykisk helse og beredskap. Bakgrunnen var tilrådinga frå styresmakktene om den enkelte sitt ansvar for eigenberedskap og korleis dette verkar inn på oss.
21. januar 2025
Stemninga var høg då Rotary i samarbeid med Sunnmøre Friluftsråd inviterte til bålbrenning ved gapahuken i Sandvika. Arrangementet var del av ei landsomfattande markering av starten på friluftsåret 2025, og samla mange glade turfolk.
17. januar 2025
Rolf Stenehjem er vårt nyaste medlem. Han arbeider på spolebasen til Subsea 7 på Vigra, og pendlar frå heimstaden sin i Hafslo i Sogndal kvar veke
15. januar 2025
Laurdag 18. januar markerer vi starten på Friluftslivets år med at heile Norge samlast rundt eit bål. I samarbeid med Friluftsrådet tenner Giske Rotary bål i gapahuken i Sandvika på Roald, 18. januar klokka 13-15
31. oktober 2024
På medlemsmøtet 31. oktober 2024 orienterte Geir Sund, leiar av Sunnmøre parkinsonforening, om sjukdommen og om arbeidet i foreninga.