Ope møte om psykisk helse
24. april arrangerte Giske Rotaryklubb ope møte om psykisk helse og beredskap. Det vart ein tankevekkande og inspirerande kveld der kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen, nestleiar i Meistring og psykisk helse, Kristine Finnøy, og styremedlem Eva Thor frå Mental Helse Giske innleia.

Frå venstre: Eva Thor frå Mental Helse Giske, kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen og Kristine Finnøy, nestleiar i eininga Meistring og psykisk helse
Giske Rotaryklubb takkar for godt førebudde og inspirerande foredrag, og takkar alle frammøtte.
26. august 2025
Vigra aktivitets- og frivilligsentral
21. august 2025 var vi på besøk hos Vigra aktivitets- og frivliligsentral på Roald. Jarle Molnes og Atlle Varhaugvik presenterte aktivitetane.
25. juni 2025
Naturmøte i regnvêr
Fire personar i tillegg til vertskapet trassa regnvêret og fekk servert kaffi og vafler i Sandvika 17. juni
25. juni 2025
Sommarmøte i "Sitkagranhukjin"
Siste møte i Rotary-året 2024-25 var i "Sitkagranhukjin" på Kyststien på Blindheim. 19. juni
20. juni 2025
Presidentskifte og medlemsopptak
12. juni 2025 var det presidentskifte i klubben. Arnfinn Vartdal tok over etter Britt Valderhaug Tyrholm som har vore president i to år.
På møtet vart Linda Rørvik høgtideleg teken opp som medlem av Giske Rotaryklubb
5. juni 2025
Naturmøteplass 3. juni
3. juni var stilte Giske Rotary med kaffi og nysteikte vafler igjen. Godt oppmøte, og besøk av Sunnmøre Friluftsråd
31. mai 2025
Sparebanken Møre på besøk
22. mai hadde vi besøk av Oline Nordstrand og Lars Erik Ramstad frå Sparebanken Møre si avdeling på Valderøya.
31. mai 2025
Stein Lauritsen: Skogsturar utan klokke
15. mai besøkte Stein Lauritsen Giske Rotaryklubb og presenterte si fotobok "Skogsturer uten klokke"
31. mai 2025
Oppstart naturmøteplass
Tysdag 13. mai starta Sunnmøre Friluftsråd sesongen med Naturmøteplass i gapahuken i Sandvika på Roald
13. mai 2025
Ryddedugnad på Vigra omsorgssenter
Saman med entusiastiske og gode hjelparar gjennomførte Giske Rotaryklubb ein diger dugnadsinnsats ved Vigra omsorgssenter laurdag 10. mai.