Bli fosterforeldre
Bli fosterforeldre: Barn treng di hjelp!
Torsdag 26. februar delte Turid Giskeødegård frå Bufetat innsiktsfulle tankar om det viktige arbeidet med å rekruttere og lære opp fosterheimar. Heile 360 barn over heile landet ventar på å finne sin nye, omsorgsfulle heim. Turid har lang fartstid i barnevernet i Giske før ho gjekk vidare til Bufetat, der nettopp fosterheimar er hennar hovudoppgåve.
Barnevernet prøver først å finne fosterheimar i barnet sitt nære familie og nettverk. Kven kan bli fosterforeldre? Det kan vere du! Uavhengig av om du er gift, sambuar eller einsleg, det viktigaste er at du har overskot og omsorg til å gi eit barn ein trygg heim.
Kan du tenkje deg å bli fosterheim? Bufetat inviterer deg til eit digitalt informasjonsmøte allereie den 4. mars for å lære meir. Besøk Bufdir for meir informasjon.
Vil du utforske på eiga hand? Mange inspirerande informasjonsvideoar ventar på deg på YouTube. Søk "Fosterhjem" eller klikk her for å setje deg inn i desse videoane i fred og ro.
Bli med og gjer ei forskjell - for eit barn betyr det alt!
12. september 2025
Naturmøteplass 10. september 2025
Stort oppmøte i gapahuken i det vakre og varme septembervêret
4. september 2025
Naturmøteplass 3. september 2025
Nok eit triveleg treff i naturmøteplassen i Sandvika på Roald i dag. Britt og Arnfinn var vertskap og takkar for godt og hyggeleg frammøte.
26. august 2025
Vigra aktivitets- og frivilligsentral
21. august 2025 var vi på besøk hos Vigra aktivitets- og frivliligsentral på Roald. Jarle Molnes og Atlle Varhaugvik presenterte aktivitetane.
25. juni 2025
Naturmøte i regnvêr
Fire personar i tillegg til vertskapet trassa regnvêret og fekk servert kaffi og vafler i Sandvika 17. juni
25. juni 2025
Sommarmøte i "Sitkagranhukjin"
Siste møte i Rotary-året 2024-25 var i "Sitkagranhukjin" på Kyststien på Blindheim. 19. juni
20. juni 2025
Presidentskifte og medlemsopptak
12. juni 2025 var det presidentskifte i klubben. Arnfinn Vartdal tok over etter Britt Valderhaug Tyrholm som har vore president i to år.
På møtet vart Linda Rørvik høgtideleg teken opp som medlem av Giske Rotaryklubb
5. juni 2025
Naturmøteplass 3. juni
3. juni var stilte Giske Rotary med kaffi og nysteikte vafler igjen. Godt oppmøte, og besøk av Sunnmøre Friluftsråd
31. mai 2025
Sparebanken Møre på besøk
22. mai hadde vi besøk av Oline Nordstrand og Lars Erik Ramstad frå Sparebanken Møre si avdeling på Valderøya.
31. mai 2025
Stein Lauritsen: Skogsturar utan klokke
15. mai besøkte Stein Lauritsen Giske Rotaryklubb og presenterte si fotobok "Skogsturer uten klokke"