Sverre fortel om hummaren

I Rotary har vi ofte foredrag av fagfolk som gir oss ny kunnskap og ny innsikt. Torsdag 19. mars var slett ikkje noko unntak. Mange hadde bena seg for å høyre meir om hummaren.

Sverre Ola Roald er både fagmann og entusiast - han har arbeidd i Fiskeridirektoratet, og han fiskar hummar og forar dei i hummarkasse. Sjølv om mange av medlemmene i klubben har mykje erfaring med hummarfiske, var det ikkje mange som visste at "havets kardinal" var så fascinerande. Sverre fortalde om hummaren sin anatomi og levemåte - det vi kjenner til om denne skapningen , om at det er funne fossil av hummar frå kritt-tida, 140-145 millionar år sidan, lenge før dinosaurane vart utrydda, om storfiske og overfiske med katastrofal nedgang i bestanden langs alle kystar.

Men han kunne også fortelje om ei suksesshistorie med streng regulering og freding av småhummar og hummar med utrogn som no ser ut til å gi gode resultat og som gjer at bestanden no er i ferd med å ta seg opp att.

Takk for eit interessant foredrag, Sverre!



 
Politikontakt Daniel Ludvigsen på besøk

20. februar 2026

Politikontakt Daniel Ludvigsen på besøk

Torsdag 19. februar hadde vi besøk av politiførstebetjent Daniel Ludvigsen, politikontakt for Giske kommune. Han har vore Giske sin kontaktperson i politiet sidan 2019, og driv med kriminalitetsførebyggande arbeid.

Besøk på Giske ungdomsskule

6. februar 2026

Besøk på Giske ungdomsskule

Torsdag 5. februar var vi på besøk hos rektor Gry Støbakk Ytterland på Giske ungdomsskule for å få litt meir greie på korleis det er å vere rektor.

Bedriftsbesøk til Grøde Hagedesign

30. januar 2026

Bedriftsbesøk til Grøde Hagedesign

Torsdag 29. januar 2026 var vi på besøk hos Grøde Hagedesign på Valderøya.

Merittert undervisar Sven Inge Molnes på besøk

26. januar 2026

Merittert undervisar Sven Inge Molnes på besøk

Dosent Sven Inge Molnes ved sjukepleieutdanninga i Ålesund.er tildelt utmerkinga som merittert undervisar. Torsdag 22. januar besøkte han klubben i våre lokale hos VAF - Vigra Aktivitets og Frivilligsenter. Foto: Børge Sandnes, NTNU

Juleavslutning i "Grotten"

12. desember 2025

Juleavslutning i "Grotten"

Torsdag 11. desember 2025 var vi for tredje år på rad samla i Leiren hos Britt og Per Otto til julegløgg og til julesong i "grotten" - den gamle tyskerbunkeren i hagen deira.

20.11.2025 Besøk hos Nordnes-gruppa på Gjøsund

22. november 2025

20.11.2025 Besøk hos Nordnes-gruppa på Gjøsund

Nordnes-gruppa driv fleire fiskebåtar, mellom andre trålarane Nordstar og Nordbas, og er sterkt engasjert i utbygginga av Gjøsund hamn.

Besøk hos Nordic Wildfish

14. november 2025

Besøk hos Nordic Wildfish

Torsdag 13. november 2025 var vi på bedriftsbesøk hos Nordic Wildfish i dei nyrenoverte lokala i Nordstrandfjørå. Dagleg leiar Anders Bjørnerem ga ei engasjert og spennande innføring i dei utfordringane og moglegheitene fiskeflåten i Giske møter.

Vellukka rekefest

1. november 2025

Vellukka rekefest

Giske Rotaryklubb arrangerte ein flott fest for klubbane på nordre Sunmøre og andre inviterte gjester på Mjølner fredag 31. oktober

Guvernørbesøk

24. oktober 2025

Guvernørbesøk

Torsdag 23. oktober fekk klubben besøk av distriktsguvernør Morten Mo.. Det var "stinn brakke" i lokala til Vigra Aktivitets- og Frivilligsentral.

Poliodagen 2025

17. oktober 2025

Poliodagen 2025

Poliodagen vert markert 24. oktober, og i samband med dette var arbeidet for å utrydde polio tema for klubbmøtet 16. oktober