Giske Ungdomsråd på besøk

Teodor Dyb og Julia Klokk Eidskrem er leiar og nestleiar i Giske Ungdomsråd. På møtet 7. mai 2026 fortalde dei engasjert om alt Ungdomsrådet arbeider med, og begge la særleg vekt på kultur og kulturskulen. Dei er opptekne av ungdommen sine oppvekstvilkår, og fortalde kor viktig kollektivtilbodet er - og at Ungdomsrådet hadde fått gjennomslag for å endre bussrutene i Giske. Ungdomsklubben er ei viktig sak som Ungdomsrådet har arbeidd for å få i gang.

Det vart ein fin samtale mellom oss "godt vaksne" i klubben og dei to flotte ungdommane. Tusen takk for eit hyggeleg og inspirerande besøk, begge to!



 
20.11.2025 Besøk hos Nordnes-gruppa på Gjøsund

22. november 2025

20.11.2025 Besøk hos Nordnes-gruppa på Gjøsund

Nordnes-gruppa driv fleire fiskebåtar, mellom andre trålarane Nordstar og Nordbas, og er sterkt engasjert i utbygginga av Gjøsund hamn.

Besøk hos Nordic Wildfish

14. november 2025

Besøk hos Nordic Wildfish

Torsdag 13. november 2025 var vi på bedriftsbesøk hos Nordic Wildfish i dei nyrenoverte lokala i Nordstrandfjørå. Dagleg leiar Anders Bjørnerem ga ei engasjert og spennande innføring i dei utfordringane og moglegheitene fiskeflåten i Giske møter.

Vellukka rekefest

1. november 2025

Vellukka rekefest

Giske Rotaryklubb arrangerte ein flott fest for klubbane på nordre Sunmøre og andre inviterte gjester på Mjølner fredag 31. oktober

Guvernørbesøk

24. oktober 2025

Guvernørbesøk

Torsdag 23. oktober fekk klubben besøk av distriktsguvernør Morten Mo.. Det var "stinn brakke" i lokala til Vigra Aktivitets- og Frivilligsentral.

Poliodagen 2025

17. oktober 2025

Poliodagen 2025

Poliodagen vert markert 24. oktober, og i samband med dette var arbeidet for å utrydde polio tema for klubbmøtet 16. oktober

Psykisk helse

11. oktober 2025

Psykisk helse

Klubben markerte verdsdagen for psykisk helse på klubbmøtet 9. oktober 2025

Sesongens siste naturmøteplass

2. oktober 2025

Sesongens siste naturmøteplass

Det var eit strålande fint haustvêr i dag då vi møttest på sesongens siste naturmøteplass. Mange glade vandrarar stakk innom og fekk kaffi og nystekte vaflar. Vi startar opp att til våren..

Byvandring i Ålesund

12. september 2025

Byvandring i Ålesund

Torsdag 11. september gjekk vi byvandring i Ålesund., guida av Linda rørvik.

Naturmøteplass 10. september 2025

12. september 2025

Naturmøteplass 10. september 2025

Stort oppmøte i gapahuken i det vakre og varme septembervêret

Naturmøteplass 3. september 2025

4. september 2025

Naturmøteplass 3. september 2025

Nok eit triveleg treff i naturmøteplassen i Sandvika på Roald i dag. Britt og Arnfinn var vertskap og takkar for godt og hyggeleg frammøte.