Møt ein innvandrar. Møt ein nordmann.

Giske Rotary har dette året hatt på programmet at vi hadde lyst til å få til eit møte med innvandrar/ flyktningar som bur i Giske kommune. 9. mai vart dagen.
Giske Rotaryklubb har sine møter på Valderøy barneskule kvar torsdag, men denne torsdagen vart møtet lagt til Giske Folkebibliotek. Biblioteksjef Hilde kunne fortelje at eit slikt møte hadde ho også drøymt om lenge, og Giske folkebibliotek var ein fin møteplass. Vi hadde presentasjonsrunde der alle fortalde kvar dei kom ifrå og om familie, yrker og interesser.
Vi som er nordmenn og bur i Giske vil gjerne at dei som blir busette i Giske som har måtta forlate heimlandet på grunn av krig og ufred skal kjenne at dei er velkomne og finn seg til rette her. For å trivast i eit nytt land må ein lære og forstå mest mogleg om det nye landet og dette er det oss innbyggarane som kan bidra med.
Språket er den store barrieren for oss alle, og sidan vi no er i Norge må vårt felles språk bli norsk. Innvandrarane må få anledning til å snakke og øve på norsk ilag med oss nordmenn. Praten gjekk livleg denne kvelden og det er utruleg kor godt vi klarer å forstå kvarandre når vi vil. Prate norsk og møte nordmenn er veldig viktig for dei som blir busette her i Giske På same måte er det lærerikt for oss nordmenn å lære andre kulturar å kjenne.
Giske Rotaryklubb
lykkast med dette møtet, og alle gjekk glade derifrå. Det var eit godt
møte. Det var fint å lære nye menneske å kjenne. Telefonnummer vart utveksla.
Håper dette kan vere ein start til meir kontakt og større forståing mellom oss.

20. juni 2025
Presidentskifte og medlemsopptak
12. juni 2025 var det presidentskifte i klubben. Arnfinn Vartdal tok over etter Britt Valderhaug Tyrholm som har vore president i to år.
På møtet vart Linda Rørvik høgtideleg teken opp som medlem av Giske Rotaryklubb
5. juni 2025
Naturmøteplass 3. juni
3. juni var stilte Giske Rotary med kaffi og nysteikte vafler igjen. Godt oppmøte, og besøk av Sunnmøre Friluftsråd
31. mai 2025
Sparebanken Møre på besøk
22. mai hadde vi besøk av Oline Nordstrand og Lars Erik Ramstad frå Sparebanken Møre si avdeling på Valderøya.
31. mai 2025
Stein Lauritsen: Skogsturar utan klokke
15. mai besøkte Stein Lauritsen Giske Rotaryklubb og presenterte si fotobok "Skogsturer uten klokke"
31. mai 2025
Oppstart naturmøteplass
Tysdag 13. mai starta Sunnmøre Friluftsråd sesongen med Naturmøteplass i gapahuken i Sandvika på Roald
13. mai 2025
Ryddedugnad på Vigra omsorgssenter
Saman med entusiastiske og gode hjelparar gjennomførte Giske Rotaryklubb ein diger dugnadsinnsats ved Vigra omsorgssenter laurdag 10. mai.
12. mai 2025
Strandrydding i Sandvika
8. mai starta Giske Rotaryklubb strandrydding i Sandvika på Roald.
12. mai 2025
Ope møte om psykisk helse
24. april inviterte Giske Rotary til ope møte om psykisk helse og beredskap. Bakgrunnen var tilrådinga frå styresmakktene om den enkelte sitt ansvar for eigenberedskap og korleis dette verkar inn på oss.
21. januar 2025
Stor stemning med bål i Sandvika
Stemninga var høg då Rotary i samarbeid med Sunnmøre Friluftsråd inviterte til bålbrenning ved gapahuken i Sandvika. Arrangementet var del av ei landsomfattande markering av starten på friluftsåret 2025, og samla mange glade turfolk.