Påsketuren gjorde sterkt inntrykk



I påsken var klubbmedlem Elisabeth Sundgot med Himalpartner til Nepal. På klubbmøtet den 12. september delte hun de sterke opplevelsene med oss.

Nedenfor kan du lese det Elisabeth selv har skrevet om turen:

HimalPartner er ein diakonal yrkesmisjon som driv berekraftig utvikling i tett samarbeid med alle som vil godt mot menneske.  HimalPartner har arbeidd i Nepal sidan 1950-tallet med utvikling av vannkraft, industri,utdanning og helsearbeid.

Nepal er eit av verdens fattigaste land med høg arbeidsløyse og politisk ustabil situasjon. Nepal er eit fjelland med mindre enn halvparten av Norges areal. Likevel bor det seks gongar så mange menneske der, 30 millioner. Landet har store utfordringer etter jordskjelvkatastrofen i 2015.
Offisielt er 85% av befolkninga hinduer og 10% buddister. Den nepalesiske kyrkje har vokse fram med relativt liten påverkning frå vesten. Då staten åpna landet for utlendingar på 1950-tallet sette dei som føresetnad at det ikkje skulle evangeliserast.


Hjelp til sjølhjelp
”Grunnlaget for teknisk utvikling er dei menneskelege ressursane” har vore HimalPartner si grunnholdning gjennom mange års innsats i Nepal. På lang sikt har dette skapt ei varig positiv utvikling og hjelp til sjølhjelp.
Etablering av yrkes- og ingeniørskoler, oppføring av gamle kraftverk frå Norge, etablering av vannkraftindustrier er eit av dei fysiske resultat frå arbeidet, medan den paralelle opplæring av unge nepalesarar er satsing som gjer at skoler og industri kan drivast av nepaleserane sjølve. Norad har brukt HimalPartner som entreprenør for utbygging av kraftanlegg i Nepal.

Ifølge evalueringa har HimalPartner sit bidrag til utbygging av Andi khola (5 MW) i samarbeid med Norad vore eit særdeles vellykka prosjekt. Prosjektet mottok også i 2005 Blue Planet Prize. International Hydropower Assoiation med støtte frå UNESCOs International Hydrological Programme deler ut prisen til prosjekt som bidreg til sitat: ”bærekraftige prosjekter og velferd, og som viser hvordan verdens vannkraftressurser kan brukes på en god måte”.

Energibistand og heilheitleg perspektiv
Med forankring i omsorg for menneske hadde prosjekta eit heilheitleg perspektiv som omfatta både produksjon, fordelingsnett fram til forbrukerane og samband til det nasjonale overføringsnettet. Sjølv om kraftverka har ein beskjeden kapasitet har det hatt stor innverknad på mange områder: I tillegg til at folk og bedrifter har fått elektrisitet så har kraftutbygginga bidratt til forbedring innen irrigasjon, som gjer at mange av bøndene kan få tre avlinger per år. Lokalbefolkninga har fått betre drikkevatn og sanitære forhold, opplæring innen tekniske fag, jordbruk og skogbruk og støtte til bedriftsetableringer. Prosjektet er gjennomført i eit av dei mest tettbefolka og fattige deler av landet. Etter utbygginga har fattigdom gått ned med 30%.


Kvinnene sin situasjon i Nepal
Å vere født kvinne er inga lykke i Nepal spesielt i fattige områder.  Å føde jenter er framleis i 2019 sett på som ei ulykke, dårleg karma. Det er tradisjon i Nepal med bortgifte, undertrykking og neglisjering av jenter. Jentene blir sett på som ei belastning og ein utgiftspost. Det å møte og snakke med kvinner som har opplevd å bli solgt til sexslave som barn eller som hadde blitt jaga heimanfrå på grunn av ein graviditet (kanskje frå voldtekt/ misbruk) var opprørande og vanskeleg. 

Mellom 10000-15000 jenter blir selt frå landsbyer i Himalaya kvart einaste år. Det kjem indiske kjøpmenn og tilbyr ca 800kr for unge jenter. Dei blir først lurt til Kathmandu under påskot av jobb som hushjelp, i verkstad eller danseklubber. Men det tek ikkje lang tid før jentene på 10-19 år blir frakta over grensa til India og blir stengt inne i Red Light District i Bombay eller Calcutta. Dei blir selt til bordella for ca. 4000kr.  Dette er ein enorm business. Den har vore der sidan 1960 og hundretusen har endt sine dager der. Som oftast døyr dei av AIDS.

Gjennom HimalPartner sitt arbeid i Kathmandu, hhovudstaden i Nepal, møtte vi gode menneske som jobba for å hjelpe desse jentene/ kvinnene. Vi besøkte fleire senter som jobbar med å redde jenter, gir dei traumebehandling, husly, mat og opplæring i eit yrke. Jentene får trening i mange forskjellige yrker som bakeri, smykkeverkstad, systove mm.

Det var godt å møte kvinner som hadde klart det.

Takk for den rause gåva til min innsamlingsaksjon for å støtte utdanning og mentalt helsearbeid i Nepal for å gi spesielt jenter muligheiter og eit verdig liv. Vipps for å støtte dette arbeidet 123643


 
Juleavslutning i "Grotten"

12. desember 2025

Juleavslutning i "Grotten"

Torsdag 11. desember 2025 var vi for tredje år på rad samla i Leiren hos Britt og Per Otto til julegløgg og til julesong i "grotten" - den gamle tyskerbunkeren i hagen deira.

20.11.2025 Besøk hos Nordnes-gruppa på Gjøsund

22. november 2025

20.11.2025 Besøk hos Nordnes-gruppa på Gjøsund

Nordnes-gruppa driv fleire fiskebåtar, mellom andre trålarane Nordstar og Nordbas, og er sterkt engasjert i utbygginga av Gjøsund hamn.

Besøk hos Nordic Wildfish

14. november 2025

Besøk hos Nordic Wildfish

Torsdag 13. november 2025 var vi på bedriftsbesøk hos Nordic Wildfish i dei nyrenoverte lokala i Nordstrandfjørå. Dagleg leiar Anders Bjørnerem ga ei engasjert og spennande innføring i dei utfordringane og moglegheitene fiskeflåten i Giske møter.

Vellukka rekefest

1. november 2025

Vellukka rekefest

Giske Rotaryklubb arrangerte ein flott fest for klubbane på nordre Sunmøre og andre inviterte gjester på Mjølner fredag 31. oktober

Guvernørbesøk

24. oktober 2025

Guvernørbesøk

Torsdag 23. oktober fekk klubben besøk av distriktsguvernør Morten Mo.. Det var "stinn brakke" i lokala til Vigra Aktivitets- og Frivilligsentral.

Poliodagen 2025

17. oktober 2025

Poliodagen 2025

Poliodagen vert markert 24. oktober, og i samband med dette var arbeidet for å utrydde polio tema for klubbmøtet 16. oktober

Psykisk helse

11. oktober 2025

Psykisk helse

Klubben markerte verdsdagen for psykisk helse på klubbmøtet 9. oktober 2025

Sesongens siste naturmøteplass

2. oktober 2025

Sesongens siste naturmøteplass

Det var eit strålande fint haustvêr i dag då vi møttest på sesongens siste naturmøteplass. Mange glade vandrarar stakk innom og fekk kaffi og nystekte vaflar. Vi startar opp att til våren..

Byvandring i Ålesund

12. september 2025

Byvandring i Ålesund

Torsdag 11. september gjekk vi byvandring i Ålesund., guida av Linda rørvik.

Naturmøteplass 10. september 2025

12. september 2025

Naturmøteplass 10. september 2025

Stort oppmøte i gapahuken i det vakre og varme septembervêret