Påsketuren gjorde sterkt inntrykk

Nedenfor kan du lese det Elisabeth selv har skrevet om
turen:
HimalPartner er ein diakonal yrkesmisjon som driv
berekraftig utvikling i tett samarbeid med alle som vil godt mot menneske. HimalPartner har arbeidd i Nepal sidan
1950-tallet med utvikling av vannkraft, industri,utdanning og helsearbeid.
Nepal er eit av verdens fattigaste land med høg arbeidsløyse
og politisk ustabil situasjon. Nepal er eit fjelland med mindre enn halvparten
av Norges areal. Likevel bor det seks gongar så mange menneske der, 30
millioner. Landet har store utfordringer etter jordskjelvkatastrofen i 2015.
Offisielt er 85% av befolkninga hinduer og 10% buddister. Den nepalesiske
kyrkje har vokse fram med relativt liten påverkning frå vesten. Då staten åpna
landet for utlendingar på 1950-tallet sette dei som føresetnad at det ikkje
skulle evangeliserast.

Hjelp til sjølhjelp
”Grunnlaget for teknisk utvikling er dei menneskelege ressursane” har vore HimalPartner si grunnholdning gjennom mange års innsats i Nepal. På lang sikt har dette skapt ei varig positiv utvikling og hjelp til sjølhjelp.Etablering av yrkes- og ingeniørskoler, oppføring av gamle kraftverk frå Norge, etablering av vannkraftindustrier er eit av dei fysiske resultat frå arbeidet, medan den paralelle opplæring av unge nepalesarar er satsing som gjer at skoler og industri kan drivast av nepaleserane sjølve. Norad har brukt HimalPartner som entreprenør for utbygging av kraftanlegg i Nepal.
Ifølge evalueringa har HimalPartner sit bidrag til utbygging
av Andi khola (5 MW) i samarbeid med Norad vore eit særdeles vellykka prosjekt.
Prosjektet mottok også i 2005 Blue Planet Prize. International Hydropower
Assoiation med støtte frå UNESCOs International Hydrological Programme deler ut
prisen til prosjekt som bidreg til sitat: ”bærekraftige prosjekter og velferd,
og som viser hvordan verdens vannkraftressurser kan brukes på en god måte”.
Energibistand og heilheitleg perspektiv
Med forankring i omsorg for menneske hadde prosjekta eit heilheitleg perspektiv som omfatta både produksjon, fordelingsnett fram til forbrukerane og samband til det nasjonale overføringsnettet. Sjølv om kraftverka har ein beskjeden kapasitet har det hatt stor innverknad på mange områder: I tillegg til at folk og bedrifter har fått elektrisitet så har kraftutbygginga bidratt til forbedring innen irrigasjon, som gjer at mange av bøndene kan få tre avlinger per år. Lokalbefolkninga har fått betre drikkevatn og sanitære forhold, opplæring innen tekniske fag, jordbruk og skogbruk og støtte til bedriftsetableringer. Prosjektet er gjennomført i eit av dei mest tettbefolka og fattige deler av landet. Etter utbygginga har fattigdom gått ned med 30%.
Kvinnene sin situasjon i Nepal
Å vere født kvinne er inga lykke i Nepal spesielt i fattige områder. Å føde jenter er framleis i 2019 sett på som
ei ulykke, dårleg karma. Det er tradisjon i Nepal med bortgifte, undertrykking
og neglisjering av jenter. Jentene blir sett på som ei belastning og ein
utgiftspost. Det å møte og snakke med kvinner som har opplevd å bli solgt til
sexslave som barn eller som hadde blitt jaga heimanfrå på grunn av ein
graviditet (kanskje frå voldtekt/ misbruk) var opprørande og vanskeleg. Mellom
10000-15000 jenter blir selt frå landsbyer i Himalaya kvart einaste år. Det
kjem indiske kjøpmenn og tilbyr ca 800kr for unge jenter. Dei blir først lurt
til Kathmandu under påskot av jobb som hushjelp, i verkstad eller danseklubber.
Men det tek ikkje lang tid før jentene på 10-19 år blir frakta over grensa til
India og blir stengt inne i Red Light District i Bombay eller Calcutta. Dei
blir selt til bordella for ca. 4000kr.
Dette er ein enorm business. Den har vore der sidan 1960 og hundretusen
har endt sine dager der. Som oftast døyr dei av AIDS.
Gjennom HimalPartner sitt arbeid i Kathmandu, hhovudstaden i
Nepal, møtte vi gode menneske som jobba for å hjelpe desse jentene/ kvinnene.
Vi besøkte fleire senter som jobbar med å redde jenter, gir dei
traumebehandling, husly, mat og opplæring i eit yrke. Jentene får trening i
mange forskjellige yrker som bakeri, smykkeverkstad, systove mm.
Det var godt å møte kvinner som hadde klart det.
Takk for den rause gåva til min innsamlingsaksjon for å støtte utdanning og mentalt helsearbeid i Nepal for å gi spesielt jenter muligheiter og eit verdig liv. Vipps for å støtte dette arbeidet 123643
5. juni 2025
Naturmøteplass 3. juni
3. juni var stilte Giske Rotary med kaffi og nysteikte vafler igjen. Godt oppmøte, og besøk av Sunnmøre Friluftsråd
31. mai 2025
Sparebanken Møre på besøk
22. mai hadde vi besøk av Oline Nordstrand og Lars Erik Ramstad frå Sparebanken Møre si avdeling på Valderøya.
31. mai 2025
Stein Lauritsen: Skogsturar utan klokke
15. mai besøkte Stein Lauritsen Giske Rotaryklubb og presenterte si fotobok "Skogsturer uten klokke"
31. mai 2025
Oppstart naturmøteplass
Tysdag 13. mai starta Sunnmøre Friluftsråd sesongen med Naturmøteplass i gapahuken i Sandvika på Roald
13. mai 2025
Ryddedugnad på Vigra omsorgssenter
Saman med entusiastiske og gode hjelparar gjennomførte Giske Rotaryklubb ein diger dugnadsinnsats ved Vigra omsorgssenter laurdag 10. mai.
12. mai 2025
Strandrydding i Sandvika
8. mai starta Giske Rotaryklubb strandrydding i Sandvika på Roald.
12. mai 2025
Ope møte om psykisk helse
24. april inviterte Giske Rotary til ope møte om psykisk helse og beredskap. Bakgrunnen var tilrådinga frå styresmakktene om den enkelte sitt ansvar for eigenberedskap og korleis dette verkar inn på oss.
21. januar 2025
Stor stemning med bål i Sandvika
Stemninga var høg då Rotary i samarbeid med Sunnmøre Friluftsråd inviterte til bålbrenning ved gapahuken i Sandvika. Arrangementet var del av ei landsomfattande markering av starten på friluftsåret 2025, og samla mange glade turfolk.
17. januar 2025
"Vinden måtte eg venne meg til då eg kom til Vigra!
Rolf Stenehjem er vårt nyaste medlem. Han arbeider på spolebasen til Subsea 7 på Vigra, og pendlar frå heimstaden sin i Hafslo i Sogndal kvar veke