20.11.2025 Besøk hos Nordnes-gruppa på Gjøsund
Torsdag 20. november vitja klubben Nordnes-gruppa. Firmaet driv fiskebåtrederiet Nordnes, og har i tillegg eigne bygg, verkstad og kaier. Vi møtte fram på Gjøsund på Vigra, der verksemda har både hovudkontor og verkstad.
Dagleg leiar og reiar Tormund Grimstad, saman med administrasjonsleiar Knut Ivar Steinhovden, tok varmt imot oss. Over kaffi, pepperkaker og småsnacks fortalde dei om historia til rederiet, drifta og planane vidare, før vi fekk omvising i verkstadhallen.
Grimstad starta Nordnes-rederiet heilt frå grunnen i 1997, og har sidan skapt arbeidsplassar for over hundre menneske. Det er eit familierederi: eldste sonen er skipper, medan dei to andre barna har oppgåver i verksemda samstundes som dei tek maritim utdanning.
Han legg stor vekt på å skape arbeid og gjev ungdom som slit med vanleg skulegang høve til å blomstre i praktisk arbeid, gjennom god rettleiing og oppfølging. Rederiet utviklar eigne tekniske løysingar med fokus på gjenbruk og berekraft, og nye idear til effektivisering vert prøvde ut på båtane.
Med eige mekanisk verkstad og notbøteri tek dei sjølve hand om det meste av reparasjonar og vedlikehald. Nordnes-rederiet er sterkt lokalt forankra og leverer heile 90 prosent av fangsten til nærområdet.
Vi takkar for eit særs interessant og inspirerande føredrag.

MS Nordbas

Tormund Grimstad og Knut Ivar Steinhovden



Selskapet arbeider med å utvikle fangst av raudåte til eit kommersielt fiske


Omvisning i verkstadhallen der selskapet sine tilsette no byggjer rorhus til ein båt under ombygging.

26. august 2025
Vigra aktivitets- og frivilligsentral
21. august 2025 var vi på besøk hos Vigra aktivitets- og frivliligsentral på Roald. Jarle Molnes og Atlle Varhaugvik presenterte aktivitetane.
25. juni 2025
Naturmøte i regnvêr
Fire personar i tillegg til vertskapet trassa regnvêret og fekk servert kaffi og vafler i Sandvika 17. juni
25. juni 2025
Sommarmøte i "Sitkagranhukjin"
Siste møte i Rotary-året 2024-25 var i "Sitkagranhukjin" på Kyststien på Blindheim. 19. juni
20. juni 2025
Presidentskifte og medlemsopptak
12. juni 2025 var det presidentskifte i klubben. Arnfinn Vartdal tok over etter Britt Valderhaug Tyrholm som har vore president i to år.
På møtet vart Linda Rørvik høgtideleg teken opp som medlem av Giske Rotaryklubb
5. juni 2025
Naturmøteplass 3. juni
3. juni var stilte Giske Rotary med kaffi og nysteikte vafler igjen. Godt oppmøte, og besøk av Sunnmøre Friluftsråd
31. mai 2025
Sparebanken Møre på besøk
22. mai hadde vi besøk av Oline Nordstrand og Lars Erik Ramstad frå Sparebanken Møre si avdeling på Valderøya.
31. mai 2025
Stein Lauritsen: Skogsturar utan klokke
15. mai besøkte Stein Lauritsen Giske Rotaryklubb og presenterte si fotobok "Skogsturer uten klokke"
31. mai 2025
Oppstart naturmøteplass
Tysdag 13. mai starta Sunnmøre Friluftsråd sesongen med Naturmøteplass i gapahuken i Sandvika på Roald
13. mai 2025
Ryddedugnad på Vigra omsorgssenter
Saman med entusiastiske og gode hjelparar gjennomførte Giske Rotaryklubb ein diger dugnadsinnsats ved Vigra omsorgssenter laurdag 10. mai.