20.11.2025 Besøk hos Nordnes-gruppa på Gjøsund
Torsdag 20. november vitja klubben Nordnes-gruppa. Firmaet driv fiskebåtrederiet Nordnes, og har i tillegg eigne bygg, verkstad og kaier. Vi møtte fram på Gjøsund på Vigra, der verksemda har både hovudkontor og verkstad.
Dagleg leiar og reiar Tormund Grimstad, saman med administrasjonsleiar Knut Ivar Steinhovden, tok varmt imot oss. Over kaffi, pepperkaker og småsnacks fortalde dei om historia til rederiet, drifta og planane vidare, før vi fekk omvising i verkstadhallen.
Grimstad starta Nordnes-rederiet heilt frå grunnen i 1997, og har sidan skapt arbeidsplassar for over hundre menneske. Det er eit familierederi: eldste sonen er skipper, medan dei to andre barna har oppgåver i verksemda samstundes som dei tek maritim utdanning.
Han legg stor vekt på å skape arbeid og gjev ungdom som slit med vanleg skulegang høve til å blomstre i praktisk arbeid, gjennom god rettleiing og oppfølging. Rederiet utviklar eigne tekniske løysingar med fokus på gjenbruk og berekraft, og nye idear til effektivisering vert prøvde ut på båtane.
Med eige mekanisk verkstad og notbøteri tek dei sjølve hand om det meste av reparasjonar og vedlikehald. Nordnes-rederiet er sterkt lokalt forankra og leverer heile 90 prosent av fangsten til nærområdet.
Vi takkar for eit særs interessant og inspirerande føredrag.

MS Nordbas

Tormund Grimstad og Knut Ivar Steinhovden



Selskapet arbeider med å utvikle fangst av raudåte til eit kommersielt fiske


Omvisning i verkstadhallen der selskapet sine tilsette no byggjer rorhus til ein båt under ombygging.

12. mai 2025
Strandrydding i Sandvika
8. mai starta Giske Rotaryklubb strandrydding i Sandvika på Roald.
12. mai 2025
Ope møte om psykisk helse
24. april inviterte Giske Rotary til ope møte om psykisk helse og beredskap. Bakgrunnen var tilrådinga frå styresmakktene om den enkelte sitt ansvar for eigenberedskap og korleis dette verkar inn på oss.
21. januar 2025
Stor stemning med bål i Sandvika
Stemninga var høg då Rotary i samarbeid med Sunnmøre Friluftsråd inviterte til bålbrenning ved gapahuken i Sandvika. Arrangementet var del av ei landsomfattande markering av starten på friluftsåret 2025, og samla mange glade turfolk.
17. januar 2025
"Vinden måtte eg venne meg til då eg kom til Vigra!
Rolf Stenehjem er vårt nyaste medlem. Han arbeider på spolebasen til Subsea 7 på Vigra, og pendlar frå heimstaden sin i Hafslo i Sogndal kvar veke
15. januar 2025
Hele Norge båler - laurdag 18. januar 2025
Laurdag 18. januar markerer vi starten på Friluftslivets år med at heile Norge samlast rundt eit bål. I samarbeid med Friluftsrådet tenner Giske Rotary bål i gapahuken i Sandvika på Roald, 18. januar klokka 13-15
31. oktober 2024
Informasjon om Sunnmøre Parkinsonforening
På medlemsmøtet 31. oktober 2024 orienterte Geir Sund, leiar av Sunnmøre parkinsonforening, om sjukdommen og om arbeidet i foreninga.
10. august 2024
Startar naturmøteplass på Roald
Den 20. august blir det starta ny Naturmøteplass ved Sandvika på Roald/Vigra. Dette blir ein møteplass for alle som likar å gå tur og som set pris på møte med andre i friluft.
12. september 2023
Velkommen til åpent møte!
Den 21. september kl. 19 kommer vår nye kommunedirektør, Karl Andre Birkhol, og redaktør i Øyblikk, Andreas Hesselberg, på besøk til oss på Mjølner samfunnshus. Alle som vil høre hva de har å fortelle, er hjertelig velkomne!
7. september 2023
Inspirerende møte med distriktguvernør Anders
Giske Rotaryklubb med president Brit i spissen, hadde i dag et hyggelig besøk av Anders Anderson, som er årets distriksguvernør. Han er medlem i Eda-Eidskog Rotaryklubb, som geografisk ligger både i Norge og Sverige, og Anders er svensk.
1. juli 2023
CREATE HOPE in the WORLD
Rotarys verdenspresident for dette rotaryåret, Gordon R. McInally, har valgt «CREATE HOPE in the WORLD» som temaet for 2023-24.