Google
Kartdata ©2025
Kartdata ©2025

Om klubben

Giske Rotaryklubb vart stifta 24 februar 1970 med naboklubben Sula som fadderklubb. Vi er 24 medlemer, 13 menn og 11 kvinner, som har klubbmøte kvar torsdag kl 20:00. Møtelokalet vårt er på Vigra Aktivitets- og Frivilligsentral i Postvegen 615 på Roald, 6040 Vigra utanfor Ålesund. Nokre klubbmøte held vi saman med naboklubbar, og fleire gongar i året er vi ute på bedriftsbesøk i kommunen og i regionen. Klubben har også nokre faste lokale prosjekt, og i samband med dei held vi nokre av møta våre i det fri.

Rull nedover på sida for å sjå eit oppdatert program og meir informasjon om aktivitetane og prosjekta våre.

Rotary er ein organisasjon der det ikkje skal være forskjell på kvinne og mann, religion eller etnisk tilhøyr. I Giske Rotarylubb har vi ei god og kameratsleg omgangsform, og vi arbeider godt saman i ulike komitéar. På denne måten blir vi godt kjende både med kvarandre og med næringslivet og samfunnet rundt oss. På vanlege klubbkveldar møtest vi gjerne ca. 19:30 for kaffiprat i forkant av sjølve møtet.

Om du kjenner at Rotary sitt verdigrunnlag passar for deg og du kan tenkje deg å lære mer om organisasjonen, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss for å bli med som gjest på medlemsmøta våre. 

Kontaktdetaljar finn du her

Vedtektene finn du her

Eitt av  klubben sine prosjekt er Naturmøteplassen i Sandvika på Roald. Dette er eit samarbeid med Sunnmøre friluftsråd. Dei som er på biletet er gjestar på naturmøteplassen vår.